mandag 3. november 2008

Soga

Av Torgunn Maurset

Ein kan ikkje fortelja om folkehøgskolen i Gausdal utan å seia noko om bakgrunnen for at skulen kom til bygda:

Far til folkehøgskolen, den danske presten og salmediktaren Nikolai Frederik Severin Grundtvig, http://come.to/grundtvig vart òg førebilete for den norske folkehøgskolen. Hans idé var at skolen skulle bygge på ein lys og glad kristendom, åndsfridom og nasjonalkjensle. Dei unge skulle utvikle eigne tankar og dømekraft. ”Det levande ordet” skulle få dei til å gå inn i ei aktiv livsgjerning, der dei skulle spørja seg kven dei var og kva dei ville med livet sitt. Dette skulle gjera bondejenter og bondegutar til ”Menneske, fuldt menneske”.

Herman Anker og Olaus Arvesen, vener av Grundtvig i Norge, starta Sagatun ved Hamar i 1864. Sjå http://artemisia.no/arc/3/omraade/hamar/sagatun.html. Personar som Henrik Wergeland, Ole Vig og Bjørnstjerne Bjørnson (http://maihaugen.museum.no/aulestad/) hadde på kvar sin måte bygd opp under denne starten.

Christopher Bruun hadde studert teologi og kjente Grundtvig gjennom presten Wexelsen i Christiania. Som friviljug i den dansk-tyske krigen i 1864, hadde han på heimvegen tala med Grundtvig, Kristen Kold og andre danske høgskolefolk. Tanken om å få til ein slik skole hadde sett seg fast i han.

Etter ei ferd gjennom Gudbrandsdalen tre år seinare, hadde han bestemt seg for å starte folkehøgskole på Sel. Han leigde to gamle tømmerbygningar på Romundgard og dreiv skulen i fire år saman med Kristian Horne. Dette vart andre folkehøgskolen her i landet.

Føregangsmannen Per Bø fekk og nokre sambygdingar inviterte lærarane til Gausdal jula 1870. Der vart det bestemt at skolen skulle flytte til bygda. Folk gav pengar, innbu og reiskap. Elevane budde på gardar ikring og heldt seg med tørrmat, men kjøpte middag. På garden Fykse vart han verande i tre år, deretter flytte skolen til Bø i Follebu. Da kjøpte Per Bø, Kristofer Janson og Fritz Hansen 70 mål av garden Holen til skoletomt. Per Bø gav fritt tømmer og stod for tilsynet med bygginga. Hausten 1875 kunne skolen flytte inn i eige hus og fekk det innhaldsrike namnet Vonheim.

Livet på skolen vart sjølvsagt merka av lærarane som var svært ulike personlegdomar.
Christopher Bruun: Alvorstung, men med ein mjuk varme som verka sterkt på elevane.
Kristofer Janson: Flink forteljar, skjemtande og gladlynt. Fritz Hansen: Pedagogen, som representerte sambandet mellom det akademiske og bonderørsla. Mathias Skard: Den gode forteljaren, frisk og rask, men folkeleg og myndig. Ingvar Bøhn: Stillfarande og smålåten, men elska av elevane for dikt og song.

Arbeidsdagen på skolen kunne vera på 8 timar og hadde faga historie, norsk, naturhistorie, bibellesing og gymnastikk. Skolen tok også til med opne folkemøte med svært godt frammøte.
Skuleveka var 6 dagar og skuleåret 6 månader. For både elevar og lærarar var eit skoleår på Vonheim både aktivt og krevjande. Lærarane sette seg høge mål, og elevane kom med store forventningar. Andreas Austlid, som sjølv starta eigen folkehøgskole, seier dette om skolen:
”Det var forunderleg kor denne skulen og dette samværet gjorde oss frie og glade, og fekk ut alt det som budde i oss. Aldri hadde vi drøymt om at det fanst eit slikt liv, så rikt og fagert.”

Ein del av elevane kom langveges frå, men dei fleste kom frå Gausdal og bygdene ikring. Lærarane budde i nærleiken av Vonheim; Bruun i Halvorslia, Bøhn i Algarheim, Janson på Solbakken og Hansen på Kornhaug. Mathias Skard budde ei tid på Jongerud i Fåberg. Han var ei tid styrar på skolen medan Bøhn var sjuk og Bruun var i Christiania. Johannes Skar og Stefan Frich var også lærarar i denne tida. Etter 1885 vart vinterkursa skiftesvis for gutar og jenter.

Lærarkursa om sommaren vart svært godt motteke med 60 – 70 deltakarar fyrste året. Sommarkursa 1891-1896 gav undervisning til den lågare lærarprøva, og vi veit at mange jenter nytta seg av denne utdanninga for å bli småskolelærarar. Dei tok med seg arven frå sommarkursa på Vonheim og førde på den måten arven vidare.

Utover på 80-talet minka elevtilgangen på Vonheim ,men det var tilfelle også på andre folkehøgskolar. Årsakene var fleire , Lærarane skilde lag og tok til som prestar og lærarar andre stader; berre Ingvar Bøhn og Mathias Skard vart att dei siste åra. Truleg har ca. 1100 elevar gått på Vonheim frå 1875 til 1896.

Verknadene frå Vonheim.
Etter at Vonheim folkehøgskole vart nedlagt, vart huset brukt til pensjonat, men da ungdomslaget ”Vonheims Minde” kjøpte staden av Gausdal kommune i 1914, kan ein seia at det vart ført ei line frå lærestad til lagsverksemd for ungdomen på denne staden.

Men før dette bar folkehøgskoletanken mange frukter i Gausdal gjennom Bruun-elevane og -venene som starta med friskule i bygda og bygdene omkring.

Bruun ville at interesserte elevar skulle dra til Danmark for å læra om friskulen som alt var starta der i 1852. Dei fyrste som drog var Sigurd Blekastad og Ingvar Bøhn i 1869. I 1870–71 var det Olav Åsmundstad, Kristofer Janson, Johannes Skar og Christopher Bruun som reiste til Askov for å bli betre kjende med denne skoleforma. Men det vart Johannes Skar som fyrst starta med friskule i Follebu i 1871 . Han hadde møtt Bruun på latinskulen på Lillehammer tidlegare.
Initiativet til friskulen vart nok teke av Per Bø og det vart born frå Berge, Skard, Bø og Solbakken som var elevane i fyrste omgang. Seinare nokre av Bjørnsonborna frå Aulestad. Skar heldt på i 2 år, men da tok Olav Åsmundstad over i 1874.

Åsmundstad drog til Askov att i 1886 - 1887 saman med heidølen Kristian Prestgard. Der vart dei også i lag med Per Sivle. Med eit par avbrot dreiv Åsmundstad friskule på garden Bø, Solbakken, Algarheim og Holsmorka fram til 1891, attåt at han var lærar på Vonheim både på vinterkursa og sommarkursa.

Av Bruunelevane var det Andreas Austlid som starta friskule i Lom 1872 med 14 elevar. Denne vart utvida med Ivar Blekastad som medlærar. Det vart difor Austlid som inspirerte han til å dra til Gausdal og starte friskule der. Han hadde og vore elev hos Bruun på Sel. Han starta på garden Austlid i 1875, men elevtalet er usikkert. Truleg ca. 20 elevar kvar vinter meinte dottera Gunnhild Blekastad. Vonheim var da bygt og Blekastad hadde sett i gang med friskule for borna frå Austlid, Kleva og Fykse.

Frå 1890-95 er det meir eksakte opplysningar, for da var det nesten 30 elevar kvar vinter. Skulen flytte seinare til Loshaugen v/Bruvang og der dreiv Ivar .Blekastad frå 1879 – 95. Han dreiv litt annleis enn Andreas Austlid i Lom og Stefan Frich i Fåberg ved at han delte elevflokken i to for å gjera undervisninga meir tilrettelagt for elevane. På den måten gjekk dei annankvar dag. Men motstanden var stor, særleg frå prestestanden og lærarstanden. Dei tykte det ikkje var nok respekt for Luthers forklaring, altså for lite pugg! Presten Fleischer var sterk motstandar, derimot gjekk det betre med den nye presten Konow (1877 –1895). Han var positivt innstilt til folkehøgskole-pedagogikken og skrytte av kunnskapen til elevane.

Etterkvart kom desse elevane inn i fastskulen i Myren krets som starta i 1848 og kunne føre vidare denne måten å undervise på. Da kunne Ivar Blekastad trygt overlate opplæringa til andre. Chr. Bruun gav I. Blekastad denne attesta ”I Ivar Blekastad har gausdølene fått ein sann adelsmann”.

Austlid starta opp folkehøgskole i Ullensvang i Hardanger. Ved sida dreiv han med frukt- og gardsbruk for å livnære familien. Det hende at han måtte gje avkall på lærarløn for å få skulen til å gå. I 1899 vart han beden om å koma til Ørsta på Sunnmøre for å starte Møre folkehøgskule, men kom i 1913 attende til Gausdal og dreiv eit par år folkehøgskule på Austlid. Denne skulen vart seinare flytt til Dovre med Olav Aukrust som styrar. Kristian Tordhol var lærar der før han kom til Gausdal framhaldsskole som styrar.

At det vart starta folkehøgskole på Austlid på 1900-tallet, var ikkje minst Andreas Austlid sitt verk gjennom påverknad frå Bruun da han var på Sel. Mange gausdøler har fått sine tankar og meiningar frå desse åra, og etterslekta har gått på folkehøgskolar andre stader i landet.


”Ånda frå Vonheim”
Elles veit vi at ”ånda frå Vonheim” har verka heilt fram til vår tid, ikkje minst gjennom alle dei folkehøgskole-folka som har vore med i ”Vonheims Venner”. Dei har fått ny næring gjennom alle dei samkomer som har vore der gjennom åra. Som døme på slike samkome vil ein nemne Vonheim-seminara på 1970/80-talet, som var "ein opptakt til nytt odlingsarbeid på gamal grunn, for å gjera Vonheim til noko meir enn eit museum" (sitat: Knut Myksvoll). Mange av desse seminara hadde eit internasjonalt siktemål.

Sjå arkivet med program for dei årlege seminara, eller bruk desse lenkane:
1991
1990
1989
1988
1987
1986
1985
1984
1983
1982
1981
1980
1970

Ingen kommentarer: