onsdag 26. november 2008

Årsmelding for Vonheims Venner 2007-08

Styret siste året har vore desse:

Leiar:Torgunn Holm Maurset
Nestleiar: Ivar Bø jr.
Skrivar: Else Randi Nordal Fliflet
Kasserar: Arne Nustad
Styremedlem: Terje Thronæs

1.varamedlem: Else Svendsen, 2.vara: Liv Torhild Ruud, 3.vara: Even Rudstuen
Honorær styremedlem: Vigleik Sletten.
Revisorar: Kristian Svendsen og Norvald Hageberg
Chr. Bruun-fondet: Hans Olav Tungesvik, Per Åsmundstad, Arne Nustad
Valnemd: Solveig Rusten, Marianne Aamodt Brenden, Anders Bjørge

Siste året var det 30 betalande skular og 60 betalande einskildmedlemmar. Framleis har vi 69 livsvarige medlemmar.

Årsmøtet 28.07.07:

Det møtte 17 medlemmar til det 39.årsmøte. Styret fekk fullmakt til å oppnemne eit fondstyre for Vonheims Mindes ungdomsfond. Desse vart valde: Ingunn Heggen, Else Randi Nordal Fliflet og Berit B. Syversen. Rentene av fondet er nå utlyste da kapitalen er over 100 000,- Fristen var 10.juni.

Styret fekk også fullmakt til å forhandle med Statens Vegvesen når det galdt kjøpesum for tapt grunn og vederlag for parkeringsplassar. Inga avgjerd er gjort her, da arbeidet er delvis gjennomført og blir truleg ikkje ferdig før neste år.
Elles vart årsmelding og rekneskap godkjende med eit overskot på kr. 8742,22.

Bygdakvelden samla mye folk og det vart eit gildt musikkprogram av Marie Skavnes, Lars Berg og Ola Fjeldet. Rømmegrauten og spekematen smaka som vanleg svært godt.

Stemna 29.juli - Olsokdagen.

Stemnetalar var stortingsrepresentant Inger Enger som tok for seg emnet ”Kirken den er et gammelt hus”. Ho gjekk tydeleg inn for statskyrkja og begrunna dette godt. Etter kaffen fortalte Per Åsmundstad om Bjørnsonbreva han hadde funne etter Olav P Åsmundstad. Motettkoret og leikarringen Ottar Birting sørga for god opning og avslutning.

Arbeid i meldingsåret:

Det har vore halde åtte styremøte og handsama 42 saker siste året. Frå 1. Januar fekk vi ny vaktmeister som er næraste nabo til Vonheim; Arnfinn Stensgård. Forhandlingar med Telenor Eigedom om å få byggje ein sentral for betre linjer på Vonheims grunn, fann vi ikkje å gå med på. Vi har fått nytt opplag av konvoluttar til utsending. Anders Bjørge og Arne Nustad har reparert takstein på vestsida av bygget og det er vi takksame for.

Elles har vi følg med i debatten om Vonheim og Sagatun gjennom Høgskulebladet. Vi har gått inn med ei lita støtte til eit internasjonalt prosjekt på Sri Lanka.
Ei viktig sak har vore å få til ei leigeavtale med Follebu Musikkforeining, da dei ikkje fekk øvingslokale på skulen dette året. Vi vonar at leigesummen på Kr. 12 000,- vil dekke strømutgifter og brøyting til vinteren.

Gausdalsdagen 2007:

Vi deltok med litteraturkonkurranse, der Bjørg Sæther vann premien, boka ”På sti og veg gjennom Gudbrandsdalen”. Det vart ein kald dag så Arne, Knut og Torgunn avslutta ca. kl. 14.00.

Bygdakvelden 11.nov.

Det var lagt opp til ein Internsjonal kveld, der flyktningar og asylsøkjarar skulle delta med program og mat. Bra med folk frå vaksenopplæringa og bygda.
Arne og Torgunn hadde førebudd dette med besøk på vaksenopplæringa ein månad før.
Det synte seg å bli ein gild kveld med samtale ,song og matservering frå fleire land.
Høgdepunktet var nok dansen til Manoharan frå Sri Lanka. Til slutt var det norske folkedansar.

Bygdakvelden 9.mars.

Rektor Dag Hareide frå Nansenskulen kåserte om ”tidsklemma”.
Han kom med tankevekkjande tolkingar frå Bibelen og korleis vi lever i dag.
Musikalsk underhaldning ved Ola Fjeldet og Finn Lund. Fine ambassadørar frå bygda vår.
Da det var mange arrangement og dårleg føre denne kvelden, vart det berre tjue betalande.

Vårdugnad 15.mai:

Follebu skule møtte med seksten elevar og tre lærarar, så her vart det fint arbeid for kr. 1500,-
Glaspuss og reingjering elles vart gjort av Else Svendsen, Else Randi Norda og Torgunn H.Maurset. Arne Nustad møtte opp både føremiddag og ettermiddag til god hjelp.

Utleige dette året har vore både til barnedåp, fødselsdagar, konfirmasjonar og diverse møte.
Da Bygdahuset blir bruka av Follebuskulen komande år, vil nok Vonheim bli meir brukt.
Dette ser vi positivt på, men det krev at vedlikehaldet må følgjast opp.

Til slutt ein takk til styret for hjelp og støtte også dette året.

Torgunn Holm Maurset Else Randi N.Fliflet
Arne Nustad Ivar Bø jr.
Terje Thronæs Else Svendsen

Ingen kommentarer: