torsdag 1. januar 1970

Skulen på Vonheim.

Tale av Sigmund Skard ved friluftsmøtet framfor den restaurerte skulebygninga 3. august 1969.

Vonheim er ikkje den eldste norske folkehøgskulen, som vi veit; der er endå meir ærverdige bygningar, som hyser minna om dei første freistnader. Jamvel Vonheimsskulen sjølv byrja ikkje i dette huset. Og han vart verande stutt, frå 1875 til 1896, vel tjuge år; det siste av denne tida var dessutan lite meir enn ein seigsliten dødskamp.

Likevel er det rett at vi i dag vigslar nettopp denne bygnaden framfor andre til minnehall for den norske folkehøgskulen. Frå denne salen og denne talarstolen, frå Christopher Bruun og hans flokk av hjelparar, kom den sterkaste og klåraste tilskuven. Det skulen hadde i seg, lyste opp her med ei strålekraft som ingen kunneoversjå. Den breie rørsla som makta trengja inn i vårt folkeliv og bli eit drag i vårt bilete som nasjon, den hadde si rette byrjing her på Vonheim.

Det skulen ville, var å skapa heile menneske. Han vende seg til ungdomar som ikkje enno hadde kome borti den godkjende ”daninga” med sitt åndelege frankeringssystem; og han baud dei inga hjelp til vidare kliving på status-stigen. Han vende seg til dei med Sokrates’ enkle spørsmål: Kven er du? Kven vil du vera? Kva gjer du her på jorda?

Skolen trudde at dersom ein spurde slike spørsmål på rette måten, då kunne den vanlege norske bondegjente og bondegut vekkjast til eit personleg gjennombrot, til å bli - med Bruuns ord – ”Menneske, fuldt harmonisk Menneske”. Skulen ville la den einskilde kjenna at hennar eller hans vesle liv hadde noko på seg, - at dersom ein verkeleg ville, kunne det livet formast til eir kunstverk, like edelt som dei store førebilete i fortida, men vendt til aktiv gjerning i notida. Denne ”jordmor-teknikken” til åndeleg forløysing var det høgskulen samla i uttrykket ”det levande ord”. Med den meining ordet hadde, måtte det for slektene kring 1870 kjennast som noko blendande nytt; og det har den same friske menneskjelege sanning i dag.

Det var eit pedagogisk prinsipp. Som ein av Vonheimskarane sa til meg på sine gamle dagar: inst inne er høgskulen ikkje noko anna enn ein læremåte. Difor kunne han bruka alle tenkjelege emne, ikkje til lærdom, men til vekkjing. Vonheims-elevane møtte religionen, ikkje som eit puggestoff eller eit regelverk, ein løysingsbillett til den neste verda, men som ei forpliktande maning til fullverdig liv i denne. Dei møtte det nasjonale, ikkje som bombastisk skrøyt, men som ei påminning til kvar einskild om å byggja på eigen grunn og vera seg sjølv. Dei møtte historia, ikkje som leksesider i ei bok, men som eit personleg engasjerande drama om det Bruun kalla ”Menneskelivet i dets Glans og Vælde”. Dei lærde nok å sjå tilbake, men berre så dei klårare skulle sjå fram.

Viktigast av alt var tonen som dette me~neskesynet skapte, og som fylte sjølve livet ved skulen: det hjartelege og umistenksame, tvangfrie og livsfremjande som ein god heim har. Det som kjem att gong på gong i minna frå dei mange som har gått på Vonheim, er den opning av sinnet som dei fekk oppleva på skulen, frambrotet av indre krefter. Dørene i denne salen førde inn til ukjende heimar: den mektige fortidsverda, den brokute verd der dei unge forstod at dei sjølve-levde, og det svimrande universet som opna seg inni dei. Det er sagt i enkle ord av Andreas Austlid: ”Det var forunderleg kor denne skulen og dette samværet gjorde oss frie og glade, og fekk ut det som budde i oss... Aldri hadde vi drøymt um at det fanst eit slikt liv, so rikt, so fagert”.

Det som gav grunntonen åt alt - den alvorlege grunntonen – var likevel det ”levande ordet”, slik det vart bore fram i denne salen, fra denne talarstolen. Og vil vi no i dag mana fram for vårt indre auga Vonheim og Vonheimskarane, er det vel helst der inne vi vil sjå dei, i dei store stundene, då alt klang i hop, og då det som dette huset var reist for, fekk mæle i sterke og enkle ord. Vi vil hugsa Vonheims-mennene i dei første, lykkelege åra, då dei sjølve var unge bak sine store skjegg, då dei kjende seg borne på ei båre av alle gode krefter, då det var stormgang i lufta og framtida syntest nær.

Aller mest vil eg gjerne sjå for meg tilhøyrarane i slike stunder, - alle dei uforma ”morgonandlet”, opne mot dette vedunderlege som vart sagt, dobbelt vedunderleg for di det var sant. Då var det Vonheim djupast svara til føremålet sitt, - når ei fiskarjente frå Finnøy eller ein gardgut frå Lom ordlaust visste med seg sjølv at no vart noko annleis inni han for alltid.

Det som mest trugar mennesket i den verd som lagar seg til, er isolasjon - frå ei fortid som ikkje lenger er levande, frå ei notid som stivnar i mekaniske livsmønster, og frå ein sjølv, i eit samfunn der sjølve livsproblema held på å flatast bort i det masseproduserte inkjevetta. Her har høgskulen noko å by som yi veit at menneske treng, om dei skal vera menneske. Hans ideal for den heilvaksne personlegdom; hans syn for vokstersamanhengen i individ og samfunn; hans ønske om å nå den einskilde med det som ho eller han treng; hans tru på den vekkjande kontakt fri menneske til menneske, og hans vilje til å bry ta det etablerte samfunnsmønster for at slikt skal få livsrom, - alt dette må kjennast som eit evangelium
nettopp for vår tid.

Og ein del av desse unge søkjer no sjølve til høgskulen. Dei er ikkje attergløymer. Dei kjem frå rekkjehus og blokkbygg snart like mykje som frå gardar og fiskever. Det finst både miniskjørt og apostelhår mellom dei, stundom kanskje eit skjegg og - det er no deira toppluve.
Dei tenkjer tankane og opplever kjenslene åt ein ny generasjon, som ofte synest ha lite saman med oss. Når dei endå kjem til høgskulen, tar eg det som eit merke på at dei likevel finn noko der for seg, at det ”levande ord” også i var tids versjon ta:lar til dei med kjenneleg røyse,

Med slike tankar i hugen vigslar vi i dag det gamle og nye Vonheim. På denne vår svivande klore, eit støvkorn i stjerneskreidene, grimut av kvide og mørk av blod, der vi orkar å leva vårt menneskeliv berre for di vi trur, og vil tru, at det har ei meining, - på vår vesle flekk av denne vesle og endå så veldige jord opnar vi atter dørene til Vonheim. Vi gjer det i trua på at namnet Vonheim ikkje berre var eit namn, at dette gamle huset ikkje berre var ei tom puppe
som livet slengde ifrå seg, men at det framleis, i sitt nye skap, skal syna seg vera eit hylster kring noko som lever og veks, og skal berga si grorkraft inn i framtida. Måtte det skje!

SIGMUND SKARD

Ingen kommentarer: