onsdag 18. april 2012

Nyvalgt styre i Vonheims Venner 2012

Nyvalgt leder er Alma Marit Bakken. De øvrige styremedlemmene er Nils Nygård, Erik Teng, Jostein Jacobsen og Sigmund Jarle Jacobsen.

tirsdag 20. april 2010

Per Åsmundstad er 80 år.





Noen av Vonheims Venner var på besøk til Per Åsmundstad på Ringebu i samband med 80 årsdagen. Unni var så heldig å komme med på bildet, Hans Petter fotograferte, og på andre sida av bordet satt Ragnhild og Anders, og sjølsagt leiaren i VV, Torgunn.

Det ble ein triveleg stund, med mykje prat om den innsatsen Per har gjort for kulturlivet i Gudbrandsdalen, og ikkje minst om det han har vore for Vonheim gjennom mange år. Vi veit at vi har mange med oss når vi nå gratulerer Per Åsmundstad så hjarteleg med 80-årsdagen.

onsdag 6. januar 2010

BJØRNSON FOR VÅR TID

NYTT:

Det er Bjørnson-år i 2010, til minne om 100-årsdagen for diktaren sin død. Det blir ein viktig markering på Aulestad 15. - 17. mai, mellom anna med gjenopning av Bjørnsons heim etter restaureringa. På Maihaugen blir det framføring av "Seterjentens lørdag".


Bjørnson-biograf Edvard Hoem er ein sentral person i markeringa av Bjørnson-året. Han vil halde nærare 50 foredrag rundt i landet, og det er ei stor glede for alle Vonheimsvener at han og kjem til Vonheim-stemna søndag 1. august!


Meir informasjon om Vonheim-dagane 31. juli og 1. august kjem seinare.

lørdag 11. juli 2009

Vonheimstemnet 2009

Velkomen til det 40-ande Vonheimstemnet 2009.

Laurdag 1. august:
kl.15.00: Årsmøtet i Vonheims Venner. Det blir lagt fram ei fyldig årsmelding og eit rekneskap med bra økonomisk resultat.

kl.19.00: Bygdakveld med kåseri og framsyning av bilete frå Gausdal Vestfjell v/ lege Johan Kofstad og song av lærar Ragnhild Bjørge.
Musikkinnslag frå bygda.
Rømmegraut og kaffe.

Søndag 2. august:
kl.11.00: Høgmesse i Follebu kyrkje v/sokneprest Mari Louise Sulheim Søreide

kl. 15.00: Stemna på Vonheim.
Forfattar Paal Helge Haugen talar om Vonheims-læraren Johannes Skar.
Torild Skard fortel om å vekse opp med ein diktar som far. "Drømmen om en konkylie". Korsong og leikarringen ”Ottar Birting” deltek.

Servering.
Inngang kr.100,-

Alle hjarteleg velkomne!
Helsing styret

lørdag 13. desember 2008

Vonheimslotteriet 2008/09

Styret i Vonheims Venner har annankvart år gåande eit lotteri for å få inn pengar til drifta av Vonheim. Medlemspengar og leigeinntekter hjelper bra, men det er viktig å ha pengar til tiltak vi ser er nødvendige for å halde staden istand.

I år har vi fått og kjøpt inn fine husflidgjenstandar, måleri, bøker, saueskinn, broderi ,m.m. til gevinstar. Det er 10 kroner pr. lodd!

Det har vore seld lodd på bygdakveldar og medlemmer har sote på butikkar i bygda for å selje lodd. Likevel er vi klår over at det er mange som ikkje veit om dette lotteriet, derfor melder vi frå om det på heimesida vår, http://www.vonheimsvenner.blogspot.com/.

Trekninga vil skje på bygdakvelden 15.mars 2009, og da vonar vi å ha fått inn 20 000 kroner. Kan du hjelpe oss med det?

Ta kontakt på telefon eller e-post 61 22 0482 eller torgmaur@online.no snarast mogleg!


Kjelde: Biletsamlinga til Gausdal historielag.

fredag 5. desember 2008

Det nye styret i Vonheims Venner

Under årsmøtet 2. august 2008 vart det vald nytt styre:

  • Torgunn Holm Maurset, 2 år som styremedlem, l år som leiar - attval
  • Nils Nygård, 2 år som styremedlem - ny
  • Else Randi Nordal Fliflet, 2 år som styremedlem - attval
  • Arne Nustad, l år som styremedlem - ikkje på val
  • Terje Thronæs, 1 år som styremedlem - ikkje på val

Varafolk til styret:

  • Else Svendsen, 1. varamedlem - attval
  • Even Rudstuen, 2. varamedlem - attval
  • Svein Fyksen, 3. varamedlem - ny

Årsmøtet valde desse revisorane:

  • Norvald Hageberg - attval
  • Kristian Svendsen - attval

Ny valnemnd fekk desse medlemmene:

  • Mari Anne Aamodt Brænden, l år - leiar
  • Solveig Rusten, 2 år
  • Kristian Fougner, 3 år-ny
  • Knut Smidesang, Varamedlem

Styret i Christopher Bruun-fondet:

Vert som tidlegare: Hans Olav Tungesvik, Per Åsmundstad og kasserar Arne Nustad.

  • Merk: Årsmøtet for 2009 vert laurdag den 1. og sundag den 2. august.

onsdag 26. november 2008

Årsmelding for Vonheims Venner 2007-08

Styret siste året har vore desse:

Leiar:Torgunn Holm Maurset
Nestleiar: Ivar Bø jr.
Skrivar: Else Randi Nordal Fliflet
Kasserar: Arne Nustad
Styremedlem: Terje Thronæs

1.varamedlem: Else Svendsen, 2.vara: Liv Torhild Ruud, 3.vara: Even Rudstuen
Honorær styremedlem: Vigleik Sletten.
Revisorar: Kristian Svendsen og Norvald Hageberg
Chr. Bruun-fondet: Hans Olav Tungesvik, Per Åsmundstad, Arne Nustad
Valnemd: Solveig Rusten, Marianne Aamodt Brenden, Anders Bjørge

Siste året var det 30 betalande skular og 60 betalande einskildmedlemmar. Framleis har vi 69 livsvarige medlemmar.

Årsmøtet 28.07.07:

Det møtte 17 medlemmar til det 39.årsmøte. Styret fekk fullmakt til å oppnemne eit fondstyre for Vonheims Mindes ungdomsfond. Desse vart valde: Ingunn Heggen, Else Randi Nordal Fliflet og Berit B. Syversen. Rentene av fondet er nå utlyste da kapitalen er over 100 000,- Fristen var 10.juni.

Styret fekk også fullmakt til å forhandle med Statens Vegvesen når det galdt kjøpesum for tapt grunn og vederlag for parkeringsplassar. Inga avgjerd er gjort her, da arbeidet er delvis gjennomført og blir truleg ikkje ferdig før neste år.
Elles vart årsmelding og rekneskap godkjende med eit overskot på kr. 8742,22.

Bygdakvelden samla mye folk og det vart eit gildt musikkprogram av Marie Skavnes, Lars Berg og Ola Fjeldet. Rømmegrauten og spekematen smaka som vanleg svært godt.

Stemna 29.juli - Olsokdagen.

Stemnetalar var stortingsrepresentant Inger Enger som tok for seg emnet ”Kirken den er et gammelt hus”. Ho gjekk tydeleg inn for statskyrkja og begrunna dette godt. Etter kaffen fortalte Per Åsmundstad om Bjørnsonbreva han hadde funne etter Olav P Åsmundstad. Motettkoret og leikarringen Ottar Birting sørga for god opning og avslutning.

Arbeid i meldingsåret:

Det har vore halde åtte styremøte og handsama 42 saker siste året. Frå 1. Januar fekk vi ny vaktmeister som er næraste nabo til Vonheim; Arnfinn Stensgård. Forhandlingar med Telenor Eigedom om å få byggje ein sentral for betre linjer på Vonheims grunn, fann vi ikkje å gå med på. Vi har fått nytt opplag av konvoluttar til utsending. Anders Bjørge og Arne Nustad har reparert takstein på vestsida av bygget og det er vi takksame for.

Elles har vi følg med i debatten om Vonheim og Sagatun gjennom Høgskulebladet. Vi har gått inn med ei lita støtte til eit internasjonalt prosjekt på Sri Lanka.
Ei viktig sak har vore å få til ei leigeavtale med Follebu Musikkforeining, da dei ikkje fekk øvingslokale på skulen dette året. Vi vonar at leigesummen på Kr. 12 000,- vil dekke strømutgifter og brøyting til vinteren.

Gausdalsdagen 2007:

Vi deltok med litteraturkonkurranse, der Bjørg Sæther vann premien, boka ”På sti og veg gjennom Gudbrandsdalen”. Det vart ein kald dag så Arne, Knut og Torgunn avslutta ca. kl. 14.00.

Bygdakvelden 11.nov.

Det var lagt opp til ein Internsjonal kveld, der flyktningar og asylsøkjarar skulle delta med program og mat. Bra med folk frå vaksenopplæringa og bygda.
Arne og Torgunn hadde førebudd dette med besøk på vaksenopplæringa ein månad før.
Det synte seg å bli ein gild kveld med samtale ,song og matservering frå fleire land.
Høgdepunktet var nok dansen til Manoharan frå Sri Lanka. Til slutt var det norske folkedansar.

Bygdakvelden 9.mars.

Rektor Dag Hareide frå Nansenskulen kåserte om ”tidsklemma”.
Han kom med tankevekkjande tolkingar frå Bibelen og korleis vi lever i dag.
Musikalsk underhaldning ved Ola Fjeldet og Finn Lund. Fine ambassadørar frå bygda vår.
Da det var mange arrangement og dårleg føre denne kvelden, vart det berre tjue betalande.

Vårdugnad 15.mai:

Follebu skule møtte med seksten elevar og tre lærarar, så her vart det fint arbeid for kr. 1500,-
Glaspuss og reingjering elles vart gjort av Else Svendsen, Else Randi Norda og Torgunn H.Maurset. Arne Nustad møtte opp både føremiddag og ettermiddag til god hjelp.

Utleige dette året har vore både til barnedåp, fødselsdagar, konfirmasjonar og diverse møte.
Da Bygdahuset blir bruka av Follebuskulen komande år, vil nok Vonheim bli meir brukt.
Dette ser vi positivt på, men det krev at vedlikehaldet må følgjast opp.

Til slutt ein takk til styret for hjelp og støtte også dette året.

Torgunn Holm Maurset Else Randi N.Fliflet
Arne Nustad Ivar Bø jr.
Terje Thronæs Else Svendsen